Ryfylke næringshage

Frå 1. september 2011 har næringshagen på Finnøy skifta namn, frå Finnøy til Ryfylke næringshage. Satsingane våre omfattar i tillegg til Finnøy, no også Rennesøy kommune. På Rennesøy vert det no etablert og jobba for ein avdeling av Ryfylke næringshage.

Vår visjon er å bli den mest skapande næringshagen i regionen. Våre satsingar er innan landbruk, veksthusproduksjon, havbruk og reiseliv. Me er medlem i Ryfylkealliansen og har samarbeidsavtale med Ipark om inkubatorverksemd.

Leietakarane i Ryfylke Næringshage har kompetanse innan vår blågrøne satsing. I tillegg har næringshagen eit stort nettverk av ulike aktørar utanfor bygninga som deltek i satsinga vår. Finnøy  og Rennesøy kommune er våre største samarbeidspartnar. Vårt motto: ”Me er best i saman” ligg i botn av arbeidet vi gjer her hos oss.

Ryfylke næringshage skal vere ein bidragsytar i målet om auka innovasjon, nyskaping og oppretting av arbeidsplassar. I tillegg skal vi vektleggje natur, kultur og trivsel.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nyheter

 

 

Utdanningsfond oppretta for verksemder i Finnøy

Finnøy næringsforening har oppretta eit fond for verksemder i Finnøy som ønskjer å styrke kompetansen.

Les saken »

Etablererkurs- tilleggsnæringer.

Det vert arrangert eit 24-timars kurs for deg som ønskjer å starte med tenesteproduksjon/ tilleggsnæringer som inn på tunet, gardsturisme, gardsutsal, bygdeservice eller anna. Første bolk arrangeras 10-11.februar.

Les saken »

Bygdeseminar på Finnøy- distriktssenteret

12. januar arrangerte EU-prosjektet Vital Rural Area i Finnøy bygdeseminar for distriktskommunar i Rogaland. Distriktssenteret er ein viktig medspelar i utvikling av bygder og distrikt. Dei har no lagt ut informasjon om seminaret på deira heimeside. På heimesida finn du også mykje nyttig informasjon om anna utviklingsarbeid som skjer rundt omkring i landet.

www.distriktssenteret.no

Lunsjmøte med fokus på sosiale medier.

Fredag 3. februar inviterar Ryfylke Næringshage til lunsjmøte på Sjøberg Feriesenter Østhusvik. Ryfylke Næringshage arrangerar lunsjmøter ca. ein gong i kvartalet. Møtene er i tillegg til fagleg påfyll, viktige møteplassar for næringslivet i Finnøy og Rennesøy kommune.

Les saken »

Kursdag om marknadstenester

8. februar i Måltidets Hus på Ullandhaug kl. 0900-1600. Målgruppe: etablerte matprodusentar og-foredlarar.

Les saken »

Hageplanlegging- det går mot ljusare tider.

Blomen hageplanlegging er lokalisert i Ryfylke Næringshage på Rennesøy. Treng du konsulenthjelp til hagen din?

Les saken »

Bygdeseminar på Finnøy 12. januar

Finnøy kommune arrangerera saman med Rogaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland seminar i forbindelse med EU-prosjektet Vital Rural Area.

Les saken »

NæringsNM 2011

Finnøy kjem på 34 plass i  fersk måling i NæringsNM. Målingen gjeld 2010. Telemarksforskning utførar undersøkinga på vegne av NHO. Vedlagt finn du ei oversikt over kommunar og regionar.

Les saken »

Talgjeturar 2012

"Tur til Tagje" er eit reiselivsprodukt frå Talgje. Konseptet endte i 2011 opp med 27 bussgrupper frå 15-54 personar. No planleggjast det nye turar for 2012.

Les saken »

Sunn livsstil i Finnøy

Tysdag 17. januar kl. 19:00 blir det arrangert temamøte om førebygging av livsstilsjukdommar. Start det nye året med sunn livsstil, og meld deg på temamøtet.

Les saken »

Sauemøter i 2012

Sauesatsinga ønsker vel møtt til 3 møter i Ryfylke i 2012. På Finnøy blir det samling allereie 16. januar.

Les saken »

Kulturnæringane i Ryfylke

I januar blir det arrangert ei samling med kulturnæringane i Ryfylke og lansering av ny nettstad "kulturkatalogen.no"

Les saken »

Arena-programmet-utlysning av nye midlar i 2012

Arena-programmet har som føremål å stimulere til utvikling av næringsklyngar basert på eit samarbeid mellom næringsaktørar, kunnskapsmiljø og det offentlege. Programmet tilbyr finansiell og fagleg støtte til 3-årige utviklingsprosessar.

Les saken »

Beitekurs

Sauesatsinga og Norsk landbruksrådgivning har gleda av å invitere til beitekurs på ulike plassar i Rogaland frå februar 2012.

Les saken »

Ryfylke Næringshage med i nytt næringshageprogram

Ryfylke Næringshage er frå 2012 tatt ut til å delta i nytt næringshageprogram. Tre næringshagar frå Rogaland er førebels plukka ut til å delta. Dette er Suldal Vekst, Rogaland Ressurssenter på Karmøy og Ryfylke Næringshage.

Hovudmål for det nye programmet skal vere auka verdiskaping, og det blir lagt vekt på innovasjon og å få fram fleire gründerar. Samlokalisering av små bedrifter i eit tverrfagleg miljø skapar auka verdiskaping, meirverdi, konkurransekraft og innovasjonar. Næringshagane medverkar til å trekkje til seg og rekruttere dyktige medarbeidarar til næringslivet i regionen.

Underveis-seminar for EU-prosjektet Levande bygder

Torsdag 12. januar 2012 inviterar Finnøy kommune saman med Rogaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland til bygeseminar på Finnøy. Seminaret vil ha fokus på ulike tema knytt til bygdeutvikling.

Les saken »

Lunsjmøte med fokus på sosiale medier

Måndag 19. desember frå kl. 0900-1200 inviterar nærinshagen til nytt lunsjmøte. Tema: Sosiale medier med fokus på facebook og twitter.

Les saken »

Rådgjevar innan lokal mat på plass i næringshagen

Har du ein matide, anten den er blå (havbruk) eller grønn( landbruk), eller du vil vidareutvikle eit produkt du allereie er i gang med? Per Øystein Sandvin er tilsett som lokal rådgjevar og har kunnskap du kan nytte deg av. Per Øystein har kontor i næringshagen på Judaberg, men er også å finne ein dag i veka på Rennesøy.

Les saken »

Kompetansebank for grundarar og verksemder

Forskningsparken Oslo Innovation Center har med støtte frå ulike aktørar utvikla ein kompetansebank på nett som bør vere av stor interesse for deg som er grundar og/eller driv verksemd. Ved å klikke på linken under, derifrå gå inn på fana "kompetanse",  kjem du til filmar, verktøy og presentasjonar innan områda: Teknologi og produkt, økonomi og jus, organisasjon og leiing, marknad og sal.

www.forskningsparken.no

Nye muligheter i veksthusnæringa i Ryfylke- tysdag 8. november.

Har du eit veksthus og vil tenkje nytt? Møt opp på Fjordbris hotell på Østhusvik 8. november kl. 19.00 og få idear.

Les saken »

Lag og organisasjonar vert invitert til informasjonsmøte

10. november.

Lag og organisasjoner vert invitert til informasjonsmøte om EU-prosjektet "Levande bygder" i regi av Finnøy kommune. På møtet vil prosjektleiar Heidi Skifjell m.fl. informere om fleire av aktivitetane i prosjektet. Aktivitetane vil kunne ha interesse for lag og organisasjonar i Finnøy.

Les saken »

Ny runde for søknader om etablerarstipend frå kommunalt næringsfond.

1. november er frist for siste runde i 2011 om støtte frå det kommunale næringsfondet. Har du ein forretningside og treng noko støtte i utviklings,-     og etablerarfasen? Kanskje er fondet noko for deg?

Les saken »

Lunsjmøte om ulike støtteordningar

Ryfylke Næringshage arrangerar lunsjmøte torsdag 20. oktober kl. 0900-1100 på Utsyn Ungdomssenter. Målgruppe: landbruket, havbruket og lokale matprodusentar.

Les saken »

Helseføredrag og måling av antioksydantar

Laurdag 24. september arrangerar Ryfylke Antioksydant-team føredrag i Ryfylke Næringshage på Judaberg. Du kan også få målt ditt anti-oksydantnivå.

https://www.facebook.com/event.php?eid=175187735893084 

Maskinførerkurs

Finnøy og Rennesøy Landbruksteneste arrangerar saman med IT-Finnøy maskinførerkurs 6-8. oktober.

Ny sesong for "Læring i Næring"

"Læring i Næring" er eit tiltak næringshagen gjennomførar saman med næringsforeninga i Finnøy. Målet med aktiviteten og satsinga er å få engasjerte og interesserte ungdommar ut i praksis i privat og offentleg verksemd.

Les saken »

Natur og kultur på Sjernarøy

Skreddersydde turar og opplevingar av ulike slag i Sjernarøy. Gå inn på www.sjernarøy.no ( ein portal under utvikling)

Etablerarverkstad for ungdom

Rennesøy kommune satsar på unge gründarar og har eige verkstad for ungdommar på Kaihuset i Vikevåg. No er nytt skuleår i gang, noko som betyr at det er nye muleghetar for ungdom til å starte si eige verksemd på fritida.

Les saken »

Etablerarkurs og andre kurs retta mot etablerarar.

Finnøy og Rennesøy kommune er beggje kommunar som deltek i Skape sitt tilbod retta mot etablerarar. Denne hausten arrangerar Skape fleire kurs retta mot deg som er i startfasen, eller treng fagleg påfyll i ulike tema. Gå inn på www.skape.no og sjekk kva som skjer.

Ryfylke Næringshage arrangerar eit introduksjonskurs for deg som går med ein etablerar i magen, har tenkt på, eller ønskjer å starte di eige verksemd. Dette skjer 21. september kl. 18.30 i Kaihuset på Vikevåg. Vi vil då også informere om Skape sine tilbod og veien du må gå når du skal starte for seg sjølv.

Les saken »

Blomen hageplanlegging, fyrste verksemd i næringshagen på Rennesøy.

Blomen hageplanlegging er fyrste verksemd lokalisert i Ryfylke næringshage, avdeling Rennesøy. Blomen hageplanlegging tek på seg oppdrag innan planlegging, teikning og rådgjeving av hagar og utomhusanlegg både til private og offentlege.

www.blomenhage.no

Fagdag TOMAT

Årets fagdag for tomat 12. august har tema og debatt for heile landbruksnæringa, ikkje berre for tomatproduksjonen. Sosialmedisinar Per Fugelli er ein av innleiarane og skal snakke om "bonden og tomatprodusenten som helsearbeidar". Mange andre interessante tema vert også belyst. Program for dagen og anna informasjon kan du finne ved å trykke på "les saken"

Les saken »

Etablerarkontor i Rennesøy frå 10. august

Ryfylke Næringshage vil i samarbeid med Rennesøy kommune starte opp med etablerarrettleiing på kaihuset i Vikevåg på Rennesøy.Kvar onsdag f.o.m 10. august vil dagleg leiar, eventuelt andre tilsette i Ryfylke Næringshage ha fast kontordag i kaihuset i Vikevåg og tilby hjelp til eksisterande næringsliv og nye etablerarar i Rennesøy. 

Nye verksemder lokalisert i næringshagen

Fiskerifaglig opplæringskontor for Rogaland og Skagerakskysten og Ryfylke Shipping AS er nye verksemder lokalisert i Finnøy Næringshage. Fiskerifagelg Opplæringskontor har eiga heimeside: http://www.ffor.no/ Tilsaman er no 12 verksemder lokalisert i næringshagen på Finnøy.

Frå Finnøy til Ryfylke næringshage as

I løpet av august 2011 vil Finnøy næringshage føreta namnskifte. Frå 1. september vil næringshagen på Finnøy utvide satsinga si også til å omfatte andre kommunar i regionen. Generalforsamlinga har difor vedteke namnskifte frå Finnøy til Ryfylke næringshage.

Fagseminar 12. august

Politikarar frå stortingsbenken og i frå Rogaland er invitert til politisk samtale kring landbruk og tomatproduksjon i forbindelse med årets fagseminar for tomat under tomatfestivalen 2011. Heile det politiske miljøet er saman med det norske folk, også folk i Finnøy, råka av grusomme hendingar i åttaket som skjedde i Oslo og på Utøya sist fredag. Det vil  i løpet av nokre få dagar verte avklart om ein skal halde fram med den politiske delen av programmet under fagseminaret, då eventuelt med politisk samtale som tema, og ikkje med politisk debatt.

Fest-året inviterar til markering av nedsette bomprisar

1. juli inviterar fest-år komiteen til markering av nedsette bomprisar i Finnfast. Prisen vert sett ned med 25% frå denne dato. Det skal markerast på Judaberg, frå kl. 15.00-18.00. Velkomen til markeringa og underhaldning for både barn og vaksne. Næringslivet stillar med ulike stands.

Policy Forum i regional utvikling

26. og 27. mai arrangerte prosjektet Vital Rural Area konferanse i regional utvikling i Friesland, Nederland. Tema for samlinga var "ungdom", og korleis ein kan involvere ungdom i lokal og regional samfunnsutvikling. Finnøy var representert på konferansen med tre deltakarar. Fleire spennande satsingar og tema blei presentert.

www.vitalruralarea.eu

 Kr. 230 000,- frå Gjensidigefondet

Finnøy har fått kr.  230 000,- frå Gjensidigefondet til synleggjering og marknafsføring av turstiar i heile kommunen. Det er EU-prosjektet Vital Rural Area (Levande bygder) saman med næringsforeninga som står bak søknaden. Ei arbeidsgruppe er nedsett og har laga ein god plan for vidare arbeid.

Nytt opptak for tildeling frå kommunalt næringsfond

15. juni er frist for andre opptak i tildelinga av næringsretta midlar for kommunalt næringsfond. Du finn søknadsskjema ved å klikke på "les saken" under.

Les saken »

Ideprosjekt om bruk av kommunale kaier i Finnøy

Finnøy Næringshage er prosjektleiar for eit ideprosjekt om bruk av kommunale kaier i Finnøy. Alle idear for bruk av kaiene og nærmare informasjon om prosjektet, kan rettast til dagleg leiar Heidi Skifjell.

Tomat frå Finnøy på vei i butikk

Alle hjarter gleder seg. Tomat frå Finnøy er no på veg i butikk. Nokre er allereie på plass i grønnsaksdiskane rundt om i landet. Løp og kjøp!!

Sommar i Finnøy

Saman med Øyposten jobbar næringshagen i desse dagar med å lage heftet "Sommar i Finnøy". Heftet skal vise til aktivitet og hendingar som skjer i kommunen i sommarmånadene.

Høyringsutkast om forslag til nytt planprogram

På fylkeskommunen sine heimesider www.rogfk.no  ligg det no ute ein høyring om planprogram vedrørande "Vannregion Rogaland". Høyringsfrist er 22. juni. Havbruksnæringa og landbruksnæringa er viktige høyringsinstansar då forvalningsplanen skal omfatte alt vann i Rogaland.

Sosialmedisinar Per Fugelli kjem til fagseminaret

Fagseminaret for tomat arrangerast 12. august i forbindelse med Tomatfestivalen. Sosialmedisinar Per Fugelli er invitert til å snakke om temaet   " Landbruket og tomatbonden som helsearbeidar" Det vil også bli politisk debatt om utfordringar i landbruket generelt og i tomatnæringa spesielt.

Tomatfestivalen fikk merkevareprisen 2010

Merkevareprisen i Ryfylke 2010 gikk til Tomatfestivalen. Koordinator Tor Øyvind Skeidseid tok imot prisen på årsmøte i Ryfylkealliansen 31. mars.

Heidi Skifjell, dagleg leiar i Finnøy Næringshage blei valt som styreleiar, og Bjørn Arvid Joakimsen i Finnøy Buss er valt som ein av seks styremedlemmar.

www.ryfylke.no

Finnøy på nett

I Eu-prosjektet Levande bygder arbeidast det no med ein eige Finnøyportal på nett, for aktørar i heile kommunen. Næringsliv, foreninger, lag og organisasjon, reiselivsverksemder med fleire er velkomen til å leggje ut informasjon på nettstaden.

www.finnoy.no

BU-støtte i 2010

Finnøylandbruket kom også i 2010 høgt opp på statistikken i Rogaland over bevilga BU-midlar. 9% av BU-midlane i Rogaland gjekk til Finnøy. Nå føreligg årsmelding frå landbrukssjefen i Finnøy.

Les saken »

Årsmøte i Finnøy Næringsforening

Årsmøte i foreninga vert halde tysdag 29. mars kl. 18.00 i fleirbrukshallen. Sjefsredaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland vil halde innlegg om kva erfaringar han har gjort seg for Finnøy etter Finnfast.

Søknad om midlar frå kommunalt næringsfond

Finnøy Næringshage har fått i oppdrag frå Finnøy kommune å organisere det kommunale næringsfondet. Frist for søknadar i 2011 er sett til 15. april, 15. juni og 1. november.

Les saken »

Unge bønder

Det er i mjølkeprosjektet "mjølk med meir i tankane" oppretta ein eige facebook side for unge bønder.

http://www.facebook.com/pages/Nye-Bonder-framtid-i-landbruk/148092985244524

Interimstyre oppretta i Smaken av Ryfylke

Prosjektet Smaken av Ryfylke hadde eit vellukka møte med lokale matprodusentar i Viga Havn 12. januar. Her vart det bestemt å setje ned eit interimsstyret som fram til mai 2011 skal jobbe med etablering av ein eige organisasjon eller verksemd for lokal mat i Ryfylke. 

Mjølkeakademi 17. februar

Det vert arrangert mjølkeakademi torsdag 17. februar i auditoriet på Rygjabø. Tema vil vere: Om mjølkerobotar og presentasjon av bioenergisatsinga i Finnøy. Målgruppe er bønder i Finnøy/ Rennesøy. Kurset startar kl. 19.00.

Kurstilbod vinter og vår 2011 

Finnøy Næringshage arrangerar denne vinter og vår ulike kurs.

Les saken »

Kurs i praktisk styrearbeid?

25Jan
2011

Kurs i praktisk styrearbeid? Sit du i styret for et selskap eller ein organisasjon, eller ønskjer du å gjere det? Kunne du tenkje deg å gjere ein endå betre jobb, bli meir profesjonell og effektiv? Finnøy Næringshage arrangerer tysdag 25.januar kurs i praktisk styrearbeid. Meld deg på i dag!
Les saken »

 

Velkomen kveldssamling med fokus på energi!!

11Jan
2011

Finnøy Næringshage inviterar til kveldssamling tysdag 11. januar kl. 18.00- 21.00 i auditoriet på Rygjabø.

Les saken »

 

 

Inspirasjonseminar 5. august 2010 
 - Med fokus på viktige verdival

5Aug
2010

EU-prosjektet Levande bygder i regi av Finnøy Næringshage, med Finnøy kommune som prosjekteigar, vil i samarbeid med Øyposten gjennomføre eit inspirasjonsseminar under Tomatfestivalen 5. august. I tida fram mot inspirasjonseminaret vil innleiarar som kjem på seminaret gjennom Øyposten kome med innlegg som vil setja fokus på ulike tema knytt opp mot viktige val i lokalsamfunnet.
Les saken »

 

Sample image

 

Finnøy kommune er med i internasjonalt prosjekt

Finnøy kommune er saman med Rogaland Fylkeskommune med i eit Interregionalt 4B North Sea Regional Program frå 2009-2013.
Saman med fem andre land i Europa skal me dei fire neste åra jobba med akti­vitetar innan næringsutvikling, merke­varebyggjing, helse og livskvalitet.
Les saken »