Sample image

Synleg og stolt

Finnøy Næringshage fekk næringshagestatus på slutten av 2006. Vår visjon er å bli den mest skapande næringshagen i regionen. Våre satsingar er innan landbruk, veksthusproduksjon, havbruk og reiseliv.

Leietakarane i Finnøy Næringshage har kompetanse innan vår blågrøne spissing. I tillegg har næringshagen eit stort nettverk av ulike aktørar utanfor bygninga som deltek i satsinga vår. Finnøy kommune er vår største samarbeidspartnar. Vårt motto: ”Me er best i saman” ligg i botn av arbeidet vi gjer her hos oss.

Utvikling av kommunen innan arbeid, busetjing og oppleving heng i hop.

Finnøy Næringshage skal vere ein bidragsytar i målet om auka innovasjon, nyskaping og oppretting av arbeidsplassar. I tillegg skal vi vektleggje natur, kultur og trivsel.

Velkomen
kveldssamling med fokus på energi!!

11 Jan

 

Finnøy Næringshage inviterar til kveldssamling tysdag 11. januar kl. 18.00- 21.00 i auditoriet på Rygjabø.

 

TEMA:
NGFs energirådgivningsprosjekt har det siste året tatt energisjekk i en rekke gartnerier i Ryfylke, spesielt mange på Fogn/Finnøy. Prosjektet har offentlig støtte slik at det er tatt energisjekk hos både medlemmer i NGF og ikke-medlemmer. Prosjektet ønsker å se på mulighetene for å etablere en energinettverksgruppe i Ryfylke.

• NGFs energirådgivningsprosjekt; hva, hvordan og hvorfor.

• Status etter energisjekk i en rekke gartnerier i Ryfylke.

• Muligheter for sparing; - buffertank – gardiner – klimastyring.

Fra NGF stiller Anders Sand og Morten N. Andersen som er de hovedansvarlige for prosjektet.

Det er kjempefint om du kan gi beskjed om du kommer eller ei. Lettere med matbestilling da.

Håper elles samlinga kan bidra til ein god drøs i starten av ei ny sesong kor ein snart skal i gong med planting.

Påmelding til: fnhage@finnoy.com

Vel møtt!! Heidi Skifjell