|

Finnøy kommune er den minste partnaren i prosjektet som omfattar både kommunar og regionar. Innbyggjarar i Finnøy deltek med full styrke i satsinga. Det er mobilisert fram ulike lag på fem plassar i kommunen. Å få med innbyggjarane i vidare arbeid er heilt grunnleggjande for å lukkast.
I mai 2009 var delegasjonen frå deltakarlanda å vitja Sjernarøyane og Finnøy kommune. Tilbakemeldingane var fleire og av positivt slag. Dei tipsa oss om korleis me kan marknadsføra kommunen vår sett med internasjonale auger. Sats på blå-grøne verdiar, både når det gjeld matproduksjon og naturaktivitet. Ordføraren fekk høyra at han var heldig som kunne vere ”minister of paradise”. Me tek dette med oss i det vidare arbeidet.
Me vil og høyre frå fleire og har sett i gong med ei undersøking blant fastbuande, hytteinnbyggjarar, næringsliv og tilreisande om kva for kvalitetar ved vår bu- og opplevelseskommune me aktivt bør jobba med for å syna oss fram. Me vil óg setja fokus på dei mindre bra sidene ved kommunen vår som me må jobba for å betra. Har du meiningar, set me pris på om du vil vera med i arbeidet vårt. Bruk e-postadressa over til å gje innspel.
Målet med prosjektet er å styrkja Finnøy som busetting, næring- og opplevingskommune. Me vil gjerne invitera fleire til å både bu og oppleva vårt ”paradise”
Me jobbar no med fleire aktivitetar retta mot målet. Ei av desse kan du allereie no finna på internett. Det dreiar seg nemleg om helse- og livskvalitet. Her er det oppretta ein eige nettstad som informerar deg om viktige helseaktivitetar. |