heim
Du er her-> Heim - Prosjekt - Reiseliv
Reiselivsrettleiaren2008 PDF >>

Reiseliv

Målsetting

Mål:

  1. Auke kunnskapen om føresetnadene for natur- og kulturbasert reiselivsutvikling for å  stimulere til fleire berekraftige etableringar innan reiselivsnæringa og vidareutvikle den eksisterande reiselivsnæringa gjennom nettverksbygging og produktpakking.
  1. Etablerarhandbok: Utarbeiding av ein enkel og lettfatteleg handbok for reiselivsetablerarar (20 sider)
    1. Handboka skal vere innretta mot å inspirere til etablering av godt marknadstilpassa reiselivskonsept og synleggjere kva krav og problemstillingar ein reiselivsetablerar vil møte på. Handboka skal og presentere eit utval gode døme på bygdeturismeanlegg og kva som er særskilde suksessfaktorar for dei ulike typane anlegg.
    2. Handboka skal byggje på og utfylle Fylkesmannen sin ”Veileder for planlegging, etablering og drift av Bygdeturismeanlegg”, men skal vere lettare tilgjengeleg og lettlest

  2. Nettverksbygging og produktpakking: Vidareutvikle nettverket mellom reiselivsaktørane og kople saman lokale verksemder (gjerne med aktørar utanfor kommunen) på ein slik måte at nye reiselivsprodukt kjem på marknaden
    1. Minst 4 nettverkssamlingar, der minst to involverar aktørar utanfor kommunen
    2. Utvikle minst 5 nye reiselivsprodukt/produktpakkar med to eller fleir aktørar. Produkta skal synleggjerast som ”produktark”.

  3. Mulighetsanalyse og ”Best-practice” søking: Undersøkje ulike bygdebaserte reiselivskonsept og leggje fram døme på minst 3 gode lokalt tilpassa løysingar i ein rapport. Det skal leggjast vekt på forretningskonsept og reguleringsløysingar. Rapporten skal og innehalde ein SWOT-analyse som syner svakheiter, styrker, trugsmål og moglegheiter og kommentere korleis ein kan oppnå varige synergieffektar i næringa.

  4. Kompetanseheving – vertskapsrolle
    1. Gjennom prosjektet freiste å kople interesserte reiselivsaktørar til eksisterande kompetansegjevande kurs med fokus på vertskapsrolle.

Del 1 og 2 (Etablerarhandbok/ nettverksbygging og produktpakking) skal gjennomførast. Del 2 og 3 ( nettverksbygging/ kompetanseheving) kan gjennomførast hvis tid i løpet av prosjektperioden.

 

Prosjektleiing:                       
Finnøy Næringshage
fnhage@finnoy.com
Dagleg leiar Heidi Skifjell
Tel. 51 71 45 02/975 02 974

 

spacer Finnøy Næringshage - Judaberg 4160 Finnøy - copyright 2008 - Design av IT-Finnøy AS