Kurs i praktisk styrearbeid?
Sit du i styret for et selskap eller ein organisasjon, eller ønskjer du å gjere det? Kunne du tenkje deg å gjere ein endå betre jobb, bli meir profesjonell og effektiv?
Finnøy Næringshage arrangerer tysdag 25.januar kurs i praktisk styrearbeid. Meld deg på i dag!
Kompetanseheving er viktig for å få eit meir konkurransedyktig og profesjonelt næringsliv i Ryfylke. Finnøy Næringshage gir deg høve til å lære meir om dette i vinter. Den 25. januar inviterer vi til kurs i praktisk styrearbeid.
Kurset tar for seg fleire emne, mellom anna:
o Kva må styremedlemmene gjere for å utføre ein god jobb, ivareta sitt ansvar, redusere risiko og sørgje for vekst og utvikling?
o Styret sine oppgåver, ansvar og myndighet. Grensegang mellom styret og leiinga sine oppgåver.
o Styret som ressurs: Strategiorgan, serviceorgan og kontrollorgan
o Aksjelovene, dei viktigaste tilhøva
o Økonomi og rapportering i styrerommet. Kva må styret passe på?
o Samansetting av styret og krav til styremedlemmer
o Styreleiaren si rolle, ansvar og oppgåver
Det vil bli lagt vekt på ei praktisk tilnærming til problemstillingane, med aktive kursdeltakarar.
Kurshaldar er Trond Fjell. Trond har 25 år bak seg som leiar i produksjons- og handelsbedrifter. Han innehar ein Master of Management frå BI, med spesialisering i bedriftsutvikling, styrekompetanse og strategisk leiing. Han har kjørt tilsvarande kurs fleire stader i landet, for næringshagar, bedrifter og organisasjonar.
Målgruppe: Nåverande og framtidige styreleierar og styremedlemmer i private og offentlige selskap og organisasjonar, personar med leiaransvar.
Dato: 25. januar 2011 / Tid: 09:00 – 15:00 Påmelding innan 10. jan
Stad: Utsyn Ungdomssenter
Kursavgift: 1990,- inkluderer kurs, undervisningsmateriell, kursbevis, lunsj og kaffi /te /frukt i pausane.
Finnøy Næringshage tlf: +47 51 71 45 14
4160 FINNØY mob: +47 924 64 987






